september, 2021

16sep08.0011.30Verdiskaping og leiarskapFrukostseminar i Stavanger

Event Details

Mange meiner Hauge var skaparen av det moderne Norge, den første nasjonale grasrotleiar og viktigaste kristenhøvding nokon gong. Hauge var tydeleg: alle skal nytta dei evner ein har, arbeidslivet er for alle og verdiskapinga skal pløyast tilbake til beste for samfunnet.
Inspirert av Hauge sitt virke, set me søkjelys på verdibasert og tenande leiarskap, tillit og forvaltaransvar. Me har samla ein flokk spennande personar, og saman skal me diskutera kva Hauge har hatt å seia for korleis me tenkjer om verdiskaping og leiarskap i dag.

Velkomen til Stavangeren, der me startar med ein enkel og oppfriskande frukost kl. 08.00.
Frå klokka 08.45 møter me:
Kjell Magne Bondevik, leiar av den nasjonale Hauge-komiteen/tidlegare statsminister: – «Tenande leiarskap. Min leiarfilosofi sett i lys av Hans Nielsen Hauge.»
Harald Stanghelle, forfattar, medieaktør og samfunnsdebattant:
– «Leiarskap og tillit – kva har Hauge betydd for vårt samfunn i dag?»
Jan Christian Vestre, gründer og årets vekstskapar i Norge:
– «Hauges verdiar – til inspirasjon for det grøne skifte.»

Bondevik og Vestre dannar dialogpanel saman med biskop Anne Lise Ådnøy i Stavanger og Regionleiar i LO Rogaland, Eirin Sund.

Overordna spørsmål er: «Leiarskap, verdiskaping og forvaltaransvar – kva spor ser me og ønskjer me å sjå etter Hans Nielsen Hauge?»
Harald Stanghelle leier diskusjonen, der me går konkret til verks.
Velkomen til ein meiningsfull og målretta morgon og føremiddag.

Pris: 500 kr inkl frukost. 300 kr for medlemer av LO.
Påmeldinga startar 2. august kl. 12.00 på www.ryfylkelivsgnist.no

more

X